Operasjonsbordet er spesielt konstruert for bruk ved gynekologiske og urologiske operasjonar. Det som særmerkjer bordet, er at pasienten ligg i vanleg flatt leie. Deretter blir pasienten sine bein plasserte i beinhaldarane. Beinplata blir så senka og skyvd inn under ryggplata.

Dette er svært arbeidsbesparande for personalet, som slepp å løfte dei vanlegvis tunge beinplatene av bordet. Ryggdelen av bordet kan òg forskyvast i høve til sokkelen med 425 mm, noko som gjer det mogleg å gjennomlyse pasienten i beinhaldarstilling.

Bordet har òg regulerbar ryggdel ved hjelp av gassfjører.

Operasjonsbordet blir drive elektrisk ved hjelp av eit 24 V batteri, og kan justerast elektrisk til følgjande posisjonar:

  • Opp / ned
  • Trendelenburg / anti-Trendelenburg
  • Sideleie (opsjon)
  • Nullstilling av bordet
  • Program (minnefunksjon)

Dette blir styrt ved hjelp av fot- eller handbrytar. Bordet blir levert med store hjul, noko som gjer det enkelt å flytte. Det er montert sentrallåsing på dei to bakre hjula, medan dei fremste hjula har individuell låsing, samt eventuell retningssperre på eitt av hjula.