Bordet er spesialkonstruert for bruk ved augeoperasjonar. Det er særs stabilt og blir drive elektrisk ved hjelp av eit 24 V batteri. Bordet er utforma med fotbrytar, og hovudenden har ei skrå avskjering som gir god tilkomst for ein sitjande operatør. Samstundes er det enkel tilgang til fotbrytaren for styring av bordet.
Bordet kan justerast elektrisk i følgjande posisjonar:
- Opp / ned
- Trendelenburg og anti-Trendelenburg
- Hovudstøtte opp / ned
- Nullstilling av bordet
- Program (minnefunksjon)
Dette blir styrt ved hjelp av handkontroll. Bordet blir òg levert som standard med fastmontert fotbrytar for styring av opp/ned og Trendelenburg/anti-Trendelenburg.
Bordet blir levert med store antistatiske hjul som gjer det enkelt å flytte. Det er montert sentrallåsing på dei to bakre hjula og individuell låsing på dei to fremste hjula.

