Bordet er spesielt utforma for å gjere arbeidet på operasjonssalen enklare. Utforminga av bordet gjer det svært enkelt å reingjere og regulere høgda. Høgda på bordet blir regulert ved å trykkje på opp- eller nedknappane som er plasserte under topplata. Dette kan òg gjerast når sterilt tøy er plassert over plata.
Med elektrisk regulering kan høgda òg justerast utan å måtte flytte assistansebordet bort frå operasjonsbordet.
Borda er produsert slik at dei kan plasserast inntil kvarandre etter handlevogn-prinsippet, slik at det tek mindre plass ved lagring.
JI-13001 – Assistansebord med bordplate 60 x 40 cm
JI-13002 – Assistansebord med bordplate 70 x 50 cm
JI-13003 – Assistansebord med bordplate 95 x 55 cm
Ta kontakt med oss for å motta eit tilbod

