Bordet er konstruert som eit universalbord. Det er utforma med delte beinplater som kan takast av eller svingast til sida. Kvar beinplate er delt i to, slik at den ytste delen kan bøyast ned 90°. Dette er særleg praktisk ved artroskopi av kne, der støtta blir festa på den inste delen, medan den ytste kan fellast ned.

Bordet blir levert med ryggplate med innebygd galleknekk, slik at ryggen kan justerast ved hjelp av gassfjører.

Bordet kan justerast elektrisk i følgjande posisjonar:

  • Opp / ned
  • Trendelenburg / anti-Trendelenburg
  • Sideleie høgre / venstre
  • Nullstilling av bordet
  • Program (minnefunksjon)

Dette blir styrt ved hjelp av handkontroll. Bordet blir òg levert med fastmontert fotbrytar som standard, for styring av opp/ned og Trendelenburg/anti-Trendelenburg.

Bordet har store antistatiske hjul som gjer det enkelt å flytte. Det er montert sentrallåsing på dei to bakre hjula, samt individuell låsing på dei to fremste hjula.

Som standard blir bordet levert med hovudstøtte, sideskinner, madrassar (50 mm), batteri (7 Ah) og ladar (220 V / 24 V).